Oasis i Oslo Spektrum

Eg  skal gjerne innrømma det - dei siste konsertane eg har vore på har stort sett vore med band og artistar i kategorien 'gamle heltar'. Ministry, R.E.M., Bob Dylan, Public Enemy...ikkje akkurat pensum for dagens ungdomsskuleelevar. Dessverre, vil eg nok seia, men lite å gjera med. Den oppgåva får eg eventuelt gå laus på seinare i livet. Den siste tilveksten på konsertlista mi kom for to dagar sidan. Heller ikkje denne konserten braut med 'gamal helt'-tendensen: Oasis kom inn i livet mitt hausten 1995, då eg var vitne til musikkvideoen til "Roll With It", andre singel frå (What's The Story) Morning Glory.  I det denne videoen rulla over skjermen, skjøna eg at grunge, med sine tilhøyrande grøne militærbukser og vide flanellskjorter,  hadde utspelt si rolle. Frå no av var det lett modifisert Beatles-hår, arrogante positurar, hendene på ryggen og ausande gitarspel som stod på menyen. Og det haldt seg slik nokre år framover i tid, heilt til alle andre enn britisk musikkpresse hadde forstått at Oasis hadde hatt sine beste år midt på 90-talet.


oasis 1994
Oasis anno 1994. The Sex Beatles?

For ein skal argumentera godt for seg dersom ein ynskjer å koma unna med påstanden om at Oasis har gjeve ut viktige album etter dei to første. Fine enkeltlåtar, ja vel, men generelt sett tynne greier.  Men så, omsider, kom det faktisk ei ny utgjeving av ein viss klasse, nemleg fjorårets Dig Out Your Soul. På bakgrunn av dette fann eg ut at det kanskje kunne vere verdt 450 kroner for å oppsøkje Oslo Spektrum ein kald vinterdag (ein tysdag, attpåtil).


oasis 2009
Oasis anno 2009. The Geriatric Beatles?

Og no i etterkant må eg seia meg godt nøgd med det eg var vitne til. Oasis baud på alle mine gamle favorittar, slik som "Cigarettes And Alcohol" og "The Masterplan", og dei nye låtane gav det eldre materialet fornya kraft. Noel Gallagher var ein betre gitarist enn nokosinne, og lyden var jamt over akseptabel. På minussida må det nemnast at stemma til Liam var puslete, særleg på dei 2-3 første songane. Han mangla både kraft og klang, men det tok seg opp. Det var langt meir imponerande å høyra dei 4 songane som Noel song lead på, og undervegs var backingvokalen hans ofte meir framtredande enn leadvokalen til Liam.

Det var for øvrig eit ganske underleg publikum til stades i Spektrum denne tysdagen. 80% må ha vore under 20 år gamle, noko Noel kommenterte frå scena: "Are you on a fockin' schooltrip or somethin'"? . Den låge snittalderen var uventa. Eg ville ha trudd at aldersgruppa 28-35 skulle dominera, men desse (oss, må eg vel seia) var i klart undertal. Det var heilt klart gledeleg å sjå at ein ny generasjon har oppdaga Oasis. Kanskje pensum i ungdomsskulen er av høgare kvalitet enn eg trudde? At gamlefansen ikkje møtte opp var nok hovudårsaka til at Spektrum ikkje var utseld. I tillegg får me skulda litt på at det var ein tysdag.  Med tanke på kor ufatteleg populære Oasis var for 10-15 år sidan, var det ein tanke sørgjeleg å kikka opp på den glisne tribunen.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits