Kenguruskjending
Den 18. februar 2009 skal det skje! Då blir det australsk kenguruskjending av ypparste klasse på Telenor Arena, med underteikna til stades blant publikum. Takka vere min yngre bror og hans medlemskap i AC/DCs norske fanklubb, fekk eg hendene på ein av dei totalt 20.000 billettane. Desse blei utseld dobbelt så raskt som sommarens Bruce Springsteen-konsert og serveren til Billettservice.no bukka under for den massive pågangen. Heilt utruleg at eit band som har halde det gåande sidan tidleg på 1970-talet framleis er så populære. I følgje ei oversikt på wikipedia er godt over halvparten av konsertane på den komande verdsturnéen deira, Black Ice World Tour, allereie utseld, før turnéen er i gang!
Så kva kan ein venta seg av AC/DC anno 2008/2009? Først og fremst kan ein nok venta å sjå verdas mest veldrivne rock'n roll-maskineri; ei adrenalinpakke av feite riff, tette rytmar og breibeinte positurar. Legg på ein stadig meir skrikande vokalist - som ikkje har blitt meir presis med diksjonen dei siste åra - to aldrande Young-brør, ei kjempemessig kyrkjeklokke og eit par-tre kanondrønn, og du er nokså nær kjernen av kva AC/DC har å by på. Men dette er ein formel som funkar og som ikkje kan eller bør endrast på.

Angus Young, her i sine yngre dagar. Formel som funkar!
Kva så med musikken? Det er venteleg at bandet kjem til å spela 2-3 songar frå det nye albumet, Black Ice, som akkurat har kome ut til greie meldingar. Basert på to gjennomhøyringar av første singel frå albumet, "Rock'n roll train" , vil eg ikkje akkurat påstå at AC/DC bringar friske impulsar inn i dagens rock. Men, det har dei vel strengt teke ikkje gjort sidan Back In Black (1980), til nauds The Razor's Edge (1990). Gode enkeltlåtar har dei hatt etter dette, slik som "Big gun" (1993) og "Hard as a rock" (1996), men ein kan likevel ikkje snakka om genuin nyskaping. AC/DC er på sitt beste når dei klarer å laga nye variantar over same formell som dei har lukkast med før.
Dessverre klarer eg ikkje heilt å meina at dei lukkast i å gjenta denne suksessen med "Rock'n roll train". Låta er relativt keisam, rett ut sagt. Eit generelt blues/boogie-riff, med signaturtrekk som synkoperte rytmestopp, lagt oppå eit jamt tromme- og bassgroove. Dette har me høyrt utalege gonger før, og vokalen til Brian Johnson gjev heller ikkje den naudsynte energien som kunne løfta denne låta til gamle høgder. Skuffande, men ikkje overraskande.
Når bandet går på scena kl. 21:00 på Telenor Arena 18. februar neste år, er det truleg nok ein gong det gamle materialet som vil stå i sentrum. Og her er det jo uendeleg mange godbitar i vente! Det er sjølvsagt vanskeleg å velje ut særskilde ynskje frå ein produksjon som AC/DC sin, men her er 5 låtar som eg gjerne skulle ha høyrt:

Valenciaeven
30.okt.2008 kl.13:23
Sånn. Alle kan ta feil. Også eg.