Ukulele

sopranukulele
Sopranukulele

Åtgaum! På musikkbiblioteket i Stavanger, den europeiske kulturhovudstaden, går det an å låna ukulele. Jepp, eg flippar ikkje - du kan låna ukulele! I fire veker om gongen, gratis!!  For ein musikologisk belasta type som meg er dette eit tilbod som er for godt til å motstå, sjølv om eg mistenkjer at ukulele er minst like vanedannande som narkotika og 80-tals elektropop. Eg er no inne i min andre periode som leigetakar av dette fenomenale instrumentet som, trass i Hr. Preglaus si grove ukuleleskjending i popformat den siste tida, det norske publikum heilt klart bør få auga opp for.  

For mitt vedkomande forsvann ukululejomfrudomen på ein smertelaus måte, noko som sjølvsagt heng litt saman med at eg held eit visst nivå på gitar. Etter nokre få øvingar har eg inne ein brukbar versjon av "Blowing in the wind", som alltid er ein god plass å starta. Eg føler at ukulelens lyse, skimrande klang er som skapt for mi milde røyst, som ofte kjem tapande ut av duellar med gitar og piano. Dette luktar det soloplate av! 


Det er mange fordelar med ukulele. Instrumentet er billig i kjøp og kjem i eit hendig format. Born kan enkelt gripa over den smale halsen, og for vaksne med ømme fingrar er det som balsam samanlikna med tyngre strenginstrument. Dei fire strengene er utgangspunkt for ei rikt mangfald av akkordar, kor av dei fleste tek alle strengene i bruk; ikkje som på ein 6-strengs gitar, der ein ofte må utelata ein eller fleire strenger for å unngå forstyrrande tonar i akkorden. På ukulelen er det berre å harva laus, sjølvsagt med fingerkjensle og teknisk teft.


Som med dei fleste instrumenttypar, kjem ukulelen i ulike variantar: sopran, konsert, tenor og baryton er dei fire standardvariantane. Utlånsukulelen ved musikkbiblioteket er sopran, den minste og lysaste. For særskild interesserte (eg!) finst det også bassukulele og sopranino. Kvar variant kan stemmast på ulike måtar. Det sære er at alle, bortsett frå baryton, er stemt slik at den øvste strenga ikkje er den djupaste. På min innlånte sopran er stemminga som følgjer: A - D - F# - H, der A altså er lysare enn D. Mellom 1. og 4. streng er intervallet kun ein stor sekund. Høgst merkverdig! Men ein kan velje å stemme A-en ned ein oktav, dersom ein ynskjer meir djupn og fylde. 

Alternativt kan ukulelen stemmast slik: G - C - E - A, altså ein tone lågare. For baryton er D - G - H - E det normale. Då oppnår ein same tonehøgd som på dei 4 nedste strengane på ein vanleg gitar. Overgangen frå gitar til barytonukulele er m.a.o. rimeleg enkel.  

For meir og ekstremt nerdete info om ukulelens mektige univers, sjekk ut stefansukulele.com. For geniale ukuleleversjonar av fem kjende popsongar, alle framført av Ukulele Orchestra of Great Britain, sjå lenkene under: 

http://www.youtube.com/watch?v=UxCj2MO02AE&feature=related ("Life on Mars") 

http://www.youtube.com/watch?v=TLQ2eh5LfZY&feature=related ("Smells like teen spirit") 

http://www.youtube.com/watch?v=NSed1K-QNMc&feature=related ("Wuthering heights") 

http://www.youtube.com/watch?v=ptlW99wWBWY&feature=related ("Monster") 

http://www.youtube.com/watch?v=AEdH1tNP51Q&feature=related ("Satellite of love")

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Valenciaeven

Valenciaeven

27, Time

Ein ekte landevegsrøvar frå Jæren, som forlét sitt rurale opphav kring årtusenskiftet og forvilla seg inn til urbane metropolar som Bergen og Stavanger. Utdanna kunsthistorikar med mastergrad frå universitetet i Bergen. Til dagleg tilsett i byplanavdelinga ved kultur & byutvikling, Stavanger kommune.

Kategorier

Arkiv

hits