Isaac Hayes R.I.P.

Isaac Hayes (1942-2008)
Stavanger Aftenblad meldar at soulmeisteren Isaac Hayes døydde i går, sundag 10. august. Hayes blei berre 65 år gamal. I løpet av karrieren fekk han både skrive, produsert, spelt og sunge på ei rekkje av soulens absolutte høgdepunkt, særleg i Stax Records si stordomstid på 60- og 70-talet. Hayes var multiinstrumentalist og ein framifrå komponist/arrangør, og hadde dessutan ei av populærmusikkens mest markante stemmer. Den malmfulle, djupe bassrøysta fekk han til å skilje seg ut i ein vokalsjanger der lyse tenorstemmer og hyppig bruk av falsett langt på veg er norma. Den særeigne røysta hans kom også til sin rett utføre musikken, då han i perioden 1997-2006 gav liv til animasjonskarakteren "Chef" i South Park. Han dukka også opp i eit imponerande antal spelefilmar og tv-seriar, særleg i tida etter 1980.
Dei musikalske minna etter Isaac Hayes er mange og lev heldigvis vidare i den fyldige backkatalogen hans. Mange assosierer nok Hayes med filmmusikk og 1970-talets blaxploitationrørsle, då han skreiv og framførte soundtracket til legendariske Shaft. Han gjorde også mykje bra arbeid for og saman med andre artistar, men det er likevel soloplatene hans som er det ypparste blant arvegodset han etterlét seg.

Hot Buttered Soul, 1969.
Dei tre beste platene hans er, etter mitt syn, følgjande: Hot Buttered Soul (1969), The Isaac Hayes Movement (1970 og Black Moses (1971). Alle desse har Isaac-kvalitetar av beste sort. Treffsikre originallåtar går hand i hand med sterke coverprestasjonar, som ofte er gjort med ein heilt spesiell vri. Ta til dømes den drygt 18 min.(!) lange tolkinga av Jimmy Webbs "By the time I get to Phoenix" på Hot Buttered Soul. Heller ikkje hans eigne låtar er av den moderate typen, fleire varer opp mot 10 min. Den artig titulerte "Hyperbolicsyllabicsesquedalymistic", også den frå Hot Buttered Soul, er eit eksellent døme. Lengda og kompleksiteten til trass - ikkje eit einaste sekund er kasta bort på fjas og fjolleri. Låtene til Isaac Hayes er spekka med element som driv lyttinga framover, ein blir involvert snarare enn framandgjort av låtlengda.
Då den triste nyhenda dukka opp på skjermen i dag tidleg, blei det plutseleg dobbelt så bittert at Isaac Hayes måtte avlysa sin planlagde opptreden på Quart-festivalen i 2000. Eller var det 2001? Poenget er uansett at han føyer seg inni samlinga av favorittartistar - andre tap er Morphine og Elliott Smith - eg aldri fekk sjå live. Den sjansen skal eg ikkje ta med mine nye heltar, Töxik Death frå Sandnes.