Liverpop frå Livercool
I andre halvleik av 1980-talet var det meir enn ein musikkentusiast som vona at The La`s frå Liverpool var det bandet som endeleg skulle bringa britisk gitarbasert popmusikk tilbake på kartet. Det gjorde dei på sett og vis og, ved å bli eit kultband som mange av dei såkalla britpopbanda refererte til på midten av 1990-talet. Noel Gallagher skal ei gong ha sagt at målet til Oasis var å "finish what The La`s started". Spørsmålet er jo då kvifor The La`s aldri fekk avslutta sitt eige prosjekt. Her finst det mange svar, tesar og teoriar, og for å sjå nærare på nokre av desse skal me no dykka ned i det einaste offisielle studioalbumet som The La`s gav ut (førebels?), sjølvtitulerte The La`s frå 1990.

The La`s, The La`s, Go Disc!, 1990.
Dette kan definitivt rangerast blant dei mest myteomspunne albuma i populærmusikkens historie. Alltid eit fast innslag på lister av typen "100 greatest british albums of all time", men ikkje desto mindre ei relativt oversett plate i mange opplyste krinsar. Ein av dei viktigaste grunnane til The La`s evige status i popmytologien er den seige og pinsame innspelingsprosessen. Denne tok til i 1988, men to år og tre produsentar seinare var albumet framleis ikkje ferdig, mykje takka vere frontfigur og låtskrivar Lee Mavers sin noko eksentriske tilnærming til studioarbeid. Mavers, som heilt sidan bandets tidlege fase i 1984/85 hadde vore høgt verdsett i Liverpools gryande rockscene, sleit openbert med å handsama rolla som lokalt geni og popmusikalsk visjonær, meinte mange.

The La`s: Lee Mavers (venstre) og John Power framme i biletet
Eit av mange totalitære krav frå Mavers si side var at The La`s skulle spela inn alt på originalt lydutstyr frå 1960-talet. Som sagt, så gjort - eit autentisk miksebord frå sjølvaste Abbey Road blei framskaffa. Problem? Det hadde ikkje originalt støv frå 60-talet på seg?..Eit anna hinder var at Mavers insisterte på å stemma instrumenta til dei andre bandmedlemmane basert på eit gehør med kontinuerleg skiftande kammertone. For bassist John Power, den andre langtidsmedlemmen i gruppa, og dei andre var dette ein test på tålmodet, og for produsentane John Leckie, Mike Hedges og John Porter var det eit mareritt. Det var ikkje før Steve Lillywhite tok over i 1989 at spora blei spikra. Plata kom så ut, men det var inga overrasking at Mavers var misnøgd med det meste. Journalistar og fans var derimot særs positive til den friske miksen av 60-talspop og merksnodige tekstar om havet, livet på "the dole" og Liverpool.
Plata opnar med låta "Son of a gun", som spinn eit narrativ om livslagnaden til ein person som "was burned by the 20th century". Raspande scouser-dialekt blanda med eit presist akustisk gitarriff introduserar lyttaren for The La`s sin varemerkelyd, som er ein slags modernisert versjon av The Kinks og slektande 60-talscombo.
Songane på albumet faldar seg ut i ein dynamikk mellom nedstrippa akustiske innslag, som "Doledrum" og "Liberty Ship", og brølande elektriske framstøyt. Men sjølv dei elektriske låtane blandar gjerne el-gitar og akustisk gitar, slik det kan høyrast på "Timeless melody" og "I.O.U.". Kontrastane på The La`s kjem også fram i songstilen til Mavers, som skiftar mellom ein snerrande og kvass vokal på den eine sida, og eit nærast lyrisk uttrykk på motsatt side. Albumets store singel, "There she goes", som for øvrig nådde 13. plass på dei britiske hitlistene i 1990 og har blitt nytta i fleire filmar, finn Mavers i eit vakkert falsettmodus. Låten er støypt i 60-talets suverene popformer, og tåler heilt klart å bli samanlikna med guddommelege klassikarar som "Waterloo sunset" og "Good vibrations". Teksten blei sett på som ganske kontroversiell, med sine påståtte referansar til heroin:
There she goes again
Racing through my brain
And I just can´t contain
This feeling that remains
There she blows
There she blows again
Pulsing through my veins
And I just can´t contain
This feeling that remains
Tekstane til Mavers har som sagt ein viss relasjon til lokalmiljøet, nærare bestemt dei dodgy delane av Liverpool, men ikkje minst havet som omgir byen. I "Liberty ship" spelar Mavers på mytar og draumar om sjøfart og reising, og det dukkar også opp sjømetaforar andre stader. Det er tydelegvis noko med Liverpool og havet, slik ein også finn det i enkelte av songane til The Coral.
Albumet rundar av med to låtar som i sanning er både vakre og velskrivne, "Freedom song" og "Looking glass". Også desse har ein kraftfull rockar, "Failure", klemt innimellom, noko som berre understrekar den nydelege melankolien. Like eins som opningssongen er dette to lagnadsdrama i popformat, der forteljaren ser ut til å observera korleis verda rundt ho/han fell saman. Konstateringa av at "accidents show mercy none" i "Freedom song" er representativ for atmosfæren, både tekstleg og musikalsk, som kjenneteiknar dei to låtane. I "Looking glass" har forteljaren for lengst gjeve opp alle former for sjølvstendig initiativ, og ventar i grunnen berre på at eit eller anna (utanomjordisk ?) skal få verda i gjenge igjen.
For The La`s sin del kom aldri kvardagen heilt på spor igjen etter utgjevinga av debutalbumet. Rett nok var 1991 eit bra år, med godt besøkte turnear i Europa og Sambandsstatane, men kjemien i gruppa var ikkje optimal. Bandet hald det gåande fram til 1992, då John Power kasta inn handkledet etter for mange år med frustrasjon og misnøye. Han starta seinare det brukbare popbandet Cast.

Lee Mavers: Nok eit døme på kva Everton FC kan gjera med eit menneske.
For Lee Mavers sin del medførte oppløysinga av The La`s ein retrett inn i Syd Barrett-land, kunn ispedd nokre få livsteikn av musikalsk karakter utover 1990-talet. Rykta ville ha det til at heroinen hadde teke kontroll over han for godt, medan enkelte andre meinte at Mavers var vel så avhengig av Everton FC, byens nest beste fotballag. Med tanke på den nedgangen som Everton-supportarane var vitne til på 90-talet er det ikkje lett å avgjera kva som var verst - heroin eller fotball?
Men så, til alles store overrasking, gjorde The La`s, dvs. Mavers & Power med nytt backingband, comeback i 2005. Dei spelte på festivalar i England, Irland og Japan (!), og etterpå var det snakk om at Mavers jobba med nytt låtmateriale. På konsertane hadde dei utelukkande spelt gamle hits, men Power kunne bekrefta at Mavers skulle i studio. Resultatet av dette har så langt ikkje blitt gjort tilgjengeleg, og ein kan berre vona at Mavers har klart å kvitta seg med gamle tvangstankar om originalt 60-talsstøv, slik at The La`s endeleg får fullført det dei skulle ha gjort for snart 20 år sidan.