Popmusikalsk meisterverk

Det fabelaktige britiske poporkesteret XTC er ansvarlege for minst ein handfull popalbum som kan plasserast inn på øvste hylle. Og då nyttar eg uttrykket både som metafor for kvalitet og i ei meir bokstaveleg meining – alle bør nemleg ha XTC-plater på hylla si. Gjerne langt oppe og framme. Plater som Drums & Wires, Black Sea, English Settlement, og Oranges and Lemons er alle meisterlege døme på 1970- og 80-tals popmusikk. Men dersom ein berre skal ha eit XTC-album er nok Skylarking lengst framme i innkjøpskøen.


57439-105
XTC, Skylarking, 1986.

Skylarking blei spelt inn i løpet av våren 1986, delvis i Woodstock, NY (Utopia Sound Studio) og delvis i San Francisco (Cavum Soni). Etter å ha lagt bak seg eit par middelmåtige album (The Big Express og Mummer), prega av overproduksjon og kreativ tørke, skulle XTC løftast opp til nye høgder i hendene på produsent og musikalsk wunderkid Todd Rundgren. Diverre synte det seg raskt at Rundgren og XTC-hovding Andy Partridge hadde omtrent like god personleg kjemi som Roy Keane og Alf Inge Håland, og innspelingsprosessen blei prega av krasse verbale samanstøyt mellom dei to. At begge partar har eit ego på storleik med Atlanterhavet hjelpte nok heller ikkje på samarbeidet. Partridge hadde frå tidlegare av rykte på seg for å vera ein nevrotisk perfeksjonist i studio; bandkollegaer definerte dette kjenneteiknet som den mentale tilstanden ”Andyness”. Med slike føresetnader skulle ein ikkje tru at det var mogleg å skapa musikk, og langt mindre god musikk.


57439-101
XTC (f.v.): Andy Partridge, Dave Gregory, og Colin Moulding. Men kva er dette? Lystig samspel?

Den klamme stemninga aktørane i mellom let seg knapt høyrast i det musikalske innhaldet på det ferdige albumet. Partridge sjølv har omtalt plata som ”A summer's day cooked into one cake.”, eit sitat som nokså presist formulerer atmosfæren som pregar mesteparten av musikken. Sommarmetaforen gir seg også konkrete utslag, noko ein kan høyra på albumets opningslåt, ”Summers`s cauldron”, som startar med fuglekvitring, summing av insekt, og ein luftig synthintro. Etterkvart glir effektane over i eit variert rytmisk combo, og Partridge høgg inn med sin proklamerande vokal. Opningssporet er snedig klippa saman med låt to (”Grass”), og bakgrunnseffektane forsvinn ikkje før etter spor tre (”The meeting place”). Slike produksjonsmessige grep linkar albumet til 1960-talsverk som Pet Sounds og Sgt. Pepper – naturlege referansar for eit band som stadig har leika med poputtrykk frå det seine 60-tal.

Låt to og tre er skrivne og sunge av Colin Moulding, som er den andre låtskrivaren i bandet. Moulding bidreg også med låtane ”Big day”, ”Dying”, og ”Sacrificial bonfire”. Dei tre sistnemnde er ikkje blant dei beste enkeltlåtane på Skylarking, men dei høver godt inn i plata sin konseptuelle heilskap. ”Grass” og ”The meeting place”, derimot, er toppkvalifisert pophandverk. ”Grass” var for øvrig første singel frå albumet, og sjølv om denne ikkje lukkast i nå hitlistene blei B-sida på denne utgjevinga særs viktig for XTC. Meir om det etterkvart. Moulding har alltid levert færre låtar til XTC-katalogen enn Andy Partridge, men han imponerer med ein slags krøkkete melodisk teft på Skylarking-materialet. Særleg ”The meeting place” når uante høgder når Moulding sin lyse og velformulerte vokal hamrar inn lagt framme i lydbiletet. Kompet består av ei blanding av akustisk og programmert perkusjon (Rundgren), samt at Moulding sjølv held eit glidande bassgroove gåande. Låta blir tilført eit breitt arrangement med pianofills, fleirstemt backingvokal, og ulike syntheffektar. Kammerpop som få andre artistar har å visa til på CVen.

Andy Partridge kjem sterkt attende på låt fire, som er den mest utprega og reinspikka poplåta på plata. ”That`s really super, Supergirl” er ei sarkastisk og bitande utgreiing av eit kjærleiksprosjekt som har gått i vasken, og teksten maner fram ei stereotypisk femme fatale som kvinneleg motaktør til forteljarstemma (som sikkert er ein nerdete, bleik, patetisk, britisk mannsperson). Musikalsk sett blir låta driven fram av eit energisk og catchy synthriff; ein melodisk hook basert på akkordane Bb6 + 9. og Bbmaj7. Ikkje noko for nybyrjarar, akkurat. Saman med Rundgren sine rytmeboksar, og eit arsenal av innskotne andrevokalar, held denne låta heile vegen til Dakar (eller Swindon, for den saks skuld). At ”That`s really super, Supergirl” aldri blei ein hit for XTC må skuldast ein verdsomspennande, undergravande konspirasjon. Eller uflaks. Eller idioti signert plateselskapet (Virgin), som aldri gav ut denne som singel.
 
Den neste trioen av låtar klarer å utvida formatet på albumet ytterlegare. ”Ballet for a rainy day” er ein lystig låt om ver og vind, der metaforar relatert til frukt, plantar, og naturen generelt,blir ausa utover i poetiske vendingar. Slike språklege vendingar finn ein også i låta ”Season cycle”, der teksten fortel om årstider som kjem og går, og stiller spørsmål ved kva som ligg bak det heile. Nokså grandiost, altså. I ”1000 umbrellas” er både veret og humøret av den dårlege sorten. Forteljarstemma blir i tredje vers ”handed the keys to a town called Misery”, der han nyttar tida til å kravla på tapetet i desperat sorg. Siste vers blir avslutta ved at himmelen skyar over og tusen paraplyar stenger for utsikta. Sterk kost frå Andy, her. Stemmen hans vrir og vrenger seg over eit hardt, akustisk gitarspel, bakka opp av eit jamrande strykearr. Sutringa er på grensa til å bli plagsom, men det strame arrangementet reddar låta frå bli ein slitsam sutresymfoni i miniformat.       

Låt nummer åtte er den mest atypiske på heile albumet, og eigentleg den einaste som ikkje heilt høver inn. ”Earn enough for us” er forteljinga om den sjølvutslettande kvardagshelten som freistar å skaffa brød på bordet via ein audmjukande jobb med kjipe utbetalingar og ein slem sjef. Ein tradisjonell ”åleine-mot-verda”-situasjon. Musikken er nokså beint fram, gitarbasert popmusikk, slik ein skulle finna meir av på seinare XTC-plater (som til dømes Nonsuch frå 1992). Nok om denne.

Etter den noko standardprega ”Earn enough for us” følgjer ein temmeleg eksperimentell del. Mouldings merkelege ”Big Day” med lag på lag med vokalar, og Partridge-låtane ”Mermaid smiled” og ”Another satellite”. Særleg dei to sistnemnde er av typen du sjeldan finn på ei kommersiell popplate. ”Mermaid smiled” opnar med eit gitarriff av den klare og melodiske sorten, og dernest blir det lagt på instrument for instrument heilt til låta endar i eit miniorkesterformat. ”Another satellite” byr på rare synthlydar, masse ekko på vokalen, og tekstlinjer som  

”So circling we'll orbit another year. Moon still tries to steal the tide away.” 

Her er XTC ikkje så langt vekke frå å låna frå seg sjølv, nærare bestemt frå sitt psykedeliske alter-ego The Dukes of Stratosphear. Swindon-gutane hadde akkurat vore i studio med hertugane før innspelinga av Skylarking. 

 Den avsluttande låtkvartetten går i sprikande retningar. Den skeive taktarten som dannar grunnlaget for ”The man who sailed around hid soul” hintar både til jazz, bossanova, og eksperimentell pop, og er nok eit døme på den varierte dugleiken til Partridge som låtskrivar og vokalist. Musikarane på albumet bør også ha ros her, og kanskje særleg den uhyre anvendelege Dave Gregory. Som det einaste faste medlemmet av XTC utanom Moulding og Partridge bidreg han med gitarar, tangentar, vokalar, og til og med chamberlin. Gregory var visstnok også den som, medan Partridge og Rundgren krangla og Moulding var motlaus og innadvendt, tilførte innspelinga diplomati og harmoni.

”Dying” og ”Sacrificial Bonfire” er Colin Moulding sine avsluttande låtar. Den middelalderinfluerte ”Sacrificial Bonfire” var opprinneleg den siste låta på albumet, og ville ha gjeve plata ei verdig avrunding. Men, som ei følgje av ei særs overraskande vending blei ”Dear God” føya til då det andre opplaget av Skylarking blei pressa. Dette var fordi ”Dear God” hadde blitt ein hit i USA, til alles store forbausing. Songen var berre B-side på singelen ”Grass”, men radiostasjonane i USA fekk snusen i at lyttarar føretrakk ”Dear God” framføre A-låta.

57439-103
Colin og Andy på MTV i 1989. Etter suksessen med Skylarking let dei seg lokka ut på vegen att, i form av ein kort radio- og TV-promoturne. 

Dermed fekk også XTC eit oppsving i popularitet, og bandet fekk ein slags ny giv takka vere denne suksessen. ”Dear God” er ei kritisk hymne om religion og makt, og få kunne nok trudd at ein så skeptisk og kontroversiell (det er trass alt sjølvaste Gud som er på tiltalebenken her) song kunne bli stor i USA. Partridge klarte nok ein gong å stimulera både intellektuelle og melodiske krefter hos lyttarane, og slik blei det til at Skylarking blei utvida frå 14 til 15 låtar. Dersom du ikkje har plata, så sørg for å kjøp ein versjon med ”Dear God” på. Det er prikken over ein meget vellukka i; eit album som alltid vil ha ein udiskutabelt høg status i samlinga mi. Skylarking innehar nok også rekorden i å ha blitt mest spelt på minidisc og ipod gjennom utallige vandringar i Bergen.  Plata er det perfekte soundtracket til einsam walkabout i haustlege (i Bergen vil dette sei året rundt) og urbane omgjevnader.  

Check it, check it out!

   

For meir info:

 

http://en.wikipedia.org/wiki/Skylarking

 

http://chalkhills.org/reelbyreal/a_Skylarking.html#intro

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Valenciaeven

Valenciaeven

27, Time

Ein ekte landevegsrøvar frå Jæren, som forlét sitt rurale opphav kring årtusenskiftet og forvilla seg inn til urbane metropolar som Bergen og Stavanger. Utdanna kunsthistorikar med mastergrad frå universitetet i Bergen. Til dagleg tilsett i byplanavdelinga ved kultur & byutvikling, Stavanger kommune.

Kategorier

Arkiv

hits