Meisteren frå Jæren, Kunstkjennaren frå¨Flatlandet, ein fisk ved namn Even - ja, denne karen er kjend under mange namn - var nyleg på Bryne, die Weltstadt, for å halda foredrag i det nyopna biblioteket der i byen. Tema for foredraget var "Bryne - ny og urban". Meisteren/Kunstkjennaren/Fisken tok i bruk store så vel som små ord, øks så vel som neglefil, internasjonale så vel som lokale perspektiv i sin analyse av urbaniseringsprosessane på Bryne dei siste 10 åra. Dette innlegget er ein nedkorta versjon av foredraget.

Bryne - die Weltstadt
Bryne før og no
Lou Reed & John Cale, "Small town", frå Songs for Drella (1990).
I motsetnad til Lou Reed og alle desse typane frå bygde-Noreg som slår seg til i storbyen for å klaga over oppveksten i bygda, var min oppvekst på Bryne slett ikkje negativ på nokon som helst måte. Då eg vaks opp på 80- og 90-talet var Bryne var ein fin plass å slå seg fram i livet. Lite nok til at det var trygt, stort nok (i alle fall fram til ein viss alder) til at det ikkje var keisamt. Personleg må eg seie at eg har aldri opplevd Bryne som ei utprega bygd, utan at eg ville hatt problem med å vere frå ei bygd. Sjølv om Bryne er ein liten stad reint folketalsmessig i norsk samanheng, heng det saman med ein større region. Når ein vaks opp på Bryne var det aldri langt til næraste urbane strøk, altså Stavanger. Sandnes dersom ein verkeleg var desperat. Når dét er sagt, så var det få reelle bymessige kvalitetar på sjølve Bryne. Det var ingen stor cafékultur, i alle fall ikkje for den yngre delen av ibuarane, svært få leilegheiter og høge hus.
På den andre sida: det mangla ikkje på kulturtilbod, ikkje minst hugsar eg Bryne som ein plass med rikt musikkliv. På 90-talet var det lokale pop- og rockmiljøet forholdsvis stort, med Bryne Rockeklubb som eit kraftsentrum. Me hadde to gode musikkbutikkar (Jæren Musikk og Time Musikk) som gav oss impulsar frå omverda. Det var ikkje var særleg vanskeleg å starta band og få øvingslokale då eg var tenåring. Basert på det eg les i avisene er det ikkje så gode kår for lokale rockarar i dag og det framstår som symptomatisk at Meieriet har gått frå å vere ungdomsklubb til å bli eit middels interessant kjøpesenter. I tillegg fanst det ein del spanande spesialbutikkar på Bryne, til dømes fiskebutikken i Storgata. Eg kan ikkje sjå at den påståtte utviklinga har fremja mange slike butikkar, som er sjølvsagte innslag i større byar. Det finst heldigvis unntak, slik som Kjøkkenet og eit par gode klesbutikkar, men elles er handelsnæringa på Bryne ikkje påfallande meir interessant no enn før.
Bryne var altså ingen kvalitetslaus stad før urbaniseringsprosessane sette inn, men det var likevel ein slumrande tettstad. Kva hende så i overgangen frå det Bryne eg vaks opp med, til Brynebyen?
Den største endringa, sett frå mitt perspektiv, er utan tvil den valdsame utbyggjinga på 2000-talet; ein byggjeboom utan sidestykke i Brynehistoria. Då eg budde i Bergen var eg titt og ofte heime på besøk, og kvar gong verka det som om eit nytt bustadkompleks hadde skote opp. Denne utviklinga førte ikkje berre til at ein ny bygningstype fekk innpass på Bryne, men også ei gradvis fortetting av det tidlegare hadde vore ope lende. Dermed var det ofte ei lett sjokkerande oppleving å kome heim, når fotballbanen ein boltra seg på som liten plutseleg var gjort om til leilegheitskompleks. Samstundes var heile prosessen enormt fasinerande. I den tidlege fasen var eg nok dessutan udelt positivt til det nye, det var stas at Bryne endeleg fekk litt fart over seg. At det blei bygd mange leilegheiter har gjort det lettare for unge menneske å etablera seg på Bryne. Slik sett har den enorme leilegheitsfrekvensen vore ein suksess.
Hand i hand med den sosiale endringa har bygardane medført merkbare endringar i det bygde miljøet på Bryne, og då kanskje særleg i sentrum. Time kommune skildrar det slik:
"Sentrum har lite igjen av gamle bygningar, og er prega av ei rivande utvikling. I bykjernen er det få villaeigedommar, mens tilveksten av husvære i nybygde bygardar er stor."
Også i dette perspektivet går det an å sjå positive sider. I ei tid då ord som berekraft, grøn urbanisme og klimaeffektivisering står høgt på den urbane agendaen gjev det meining å byggja høgt og tett i Bryne sentrum. Fortetting er ein måte å få mange folk til å bu på lite areal, slik at all energiforsyning og infrastruktur kan effektiviserast. Ved å ha folk buande sentralt, i nærleiken av gode kommunikasjonsårer, kan ein dessutan minska bilbruken. Slik sett er området nær jernbanestasjonen på Bryne nærast å rekna som ein idealplan: masse bustader tett på offentleg transport.
Vekst har det altså vore - men har all veksten vore av det gode? Dette spørsmålet heng saman med ideen Brynebyen og det urbane, som eg no skal sjå nærare på.
Brynebyen og det urbane
Sidan 1. januar 2001 har Bryne hatt status som by. Men kva ligg det eigentleg i denne statusen, i den grad det faktisk er ein status? Og kva er 'byidentitet', dette ordet som stadig går igjen i avisdebattar og offentleg ordskifte?
Til desse spørsmåla finst det både kvantitative og kvalitative aspekt. For å ta det første først, så er det slik at alle norske tettstader med meir 5.000 iburarar kan, gjennom eit kommunalt vedtak, få bystatus. Slik har det vore sidan 1997. Andre kvantitative og målbare aspekt dreiar seg om geografisk avgrensing (bygrenser), tettleik mellom hus - i Noreg opererer ein med 50 m som snittavstand mellom hus i urbane område - og næringsgrunnlaget.
Frå gammalt av var det nettopp det sistnemnte som definerte skiljelinjene mellom by og land. Eit tettbygd område med handel, handverk og administrasjon var ein kjøpsstad (kaupang), medan område med jorbruk som hovudnæring var landbyar eller bygder. Bryne kjem slik sett i eit artig spenningsfelt; ein stad der bynæringen i nokså stor grad er basert på jordbruksrelatert industri. Men Bryne, slik me kjenner det i dag, har utan tvil gått i retning av å bli ein handelsstad. Det er kjenneteiknande at handelsnæringa på mange måtar har gått i bresjen for at Bryne skulle få bystatus. Den årlege bykonferansen er arrangert av handelsnæringen og mange av dei aktuelle urbaniseringsprosessane er initiert frå det haldet. Dette er på ingen måte utypisk i norsk samanheng: næringsbasert byutvikling har vore eit sterkt fenomen dei siste 10-15 åra. Dette heng i høgaste grad saman med marknadsføring. Ved å gje Bryne merkelappar som 'by' og 'hovudstaden på Jæren' blir det skapt blest rundt næringslivet der.
Kva så med den kvalitative dimensjonen? Denne heng nøye saman med eit anna omgrep som ofte florerer i mediaomtalen av Bryne, nemleg det urbane eller urbanitet. Problemet, slik eg ser det, er at dette ordet ofte opptrer som om det var ein heilt sjølvsagt og målbar ting, gjerne som ein slags garanti på kvalitet og framdrift. "Nytt og urbant" kan me stadig lesa i eigedomsprospekt, til dømes dei fleste som har blitt marknadsført på Bryne dei siste åra. Faren er at det fort kan bli tomme ord, flosklar. Det urbane er eit så elastisk og mangearta omgrep at det nærast er innhaldslaust når det står åleine, ukommentert.
Så kva vil det eigentleg seie at noko er urbant? Er det antalet cafear det kjem an på? Kunst- og kulturliv? Er det skulpturparken til Fritz Røed som omdefinerer Bryne frå bygd til by?
Det kan høyrast ut som ein klisjé, men cafeen kan vere ein god plass å starta. I alle fall i følgje byforskaren Erling Dokk Holm, som snart skal disputera for doktorgradsavhandlinga Coffee and the City. Eit hovudpoeng i avhandlinga er at café-livet på 2000-talet ikkje berre er eit ikon for bylivet, men at det også er med på å omdefinera det urbane. Towards a soft urbanity (mot ein mjukare urbanitet), hevdar han, og siktar til at bymenneske i dag set meir pris på små, intime samleplassar enn storskalaprosjekt, kjøpesenter og skyskraparar. Brukaraspektet, dvs. omsynet til dei som skal leva og bu i byen, må vega tungt, meiner Dokk Holm. Det kan vere eit poeng å ta med seg vidare i utviklinga av Bryne.
For å venda tilbake til omgrepet urbant, så kan det kortast ned til summen av dei trekka som gjer ein stad til ein by; det bymessige, det karakteristiske ved ein by. Vel, kva er så det? Dersom ein går tilbake til dei etymologiske røtene støyter ein på det latinske ordet urbanus, som er ei forlenging av ordet urbs ('by'). Det peikar med andre ord på seg sjølv og me kjem ikkje lenger. Men urbanus har også forgreiningar mot det kultiverte, det siviliserte, det elegante og polerte, i motsetnad til rusticus, det landlege og barbariske. Dersom Bryne har blitt by er det altså fordi siviliasjonen og elegansen endeleg kom, på 2000-talet.
I moderne tid har det urbane fått ein meir spesifikk karakter. Fenomen som tettleik, intensitet, fart og framdrift vore faste ingrediensar heilt sidan dei italienske futuristane gav ut sine bymanifest tidleg på 1900-talet. Her er punkt 4 i det originale futurismemanifestet frå 1909, forfatta av sjefsideologen Filippo Tommaso Marinetti:
"We affirm that the world's magnificence has been enriched by a new beauty: the beauty of speed. A racing car whose hood is adorned with great pipes, like serpents of explosive breath ? a roaring car that seems to ride on grapeshot is more beautiful than the Victory of Samothrace."
På grunn av avant-gardistiske rørsler som den italienske futurismen har det urbane i nyare tid vore knytt til framdrift og det rurale til stilstand. Det Bryne har gått gjennom dei siste 10 år kan godt skildrast som eit taktomslag av den typen Marinetti er oppteken av.
Går ein til arkitekturhistoria, vil nok mange seie seg samde i at rammeverket for dagens urbanitetsomgrep ligg i modernismen og funksjonalismen frå 1920- og 30-talet. I denne samanhengen er det naturleg å trekkje fram den sveitsiske arkitekten og byplanleggjaren Le Corbusier, som lanserte fleire megalomane byplanar på denne tida, til dømes denne skyskrapar-visjonen frå 1935, the Radiant City. Mon tru om enkelte av byaktørane på Bryne har latt seg inspirera av Le Corbusier og skyskraparbyen? Anten det er tilfelle eller ei, er det no i alle fall slik at høghus nærast har blitt synonymt med moderne urbanitet. Det urbane har blitt ein merkevare; høghus eller såkalla signalbygg har blitt garantien på denne merkevaren.Time kommune nyttar til dømes Høghuset på framsida av nettsidene sine.

Le Corbusier, The Radiant City, 1935. Bryne om 25år?
Så blir spørsmålet: kva vil Bryne med denne urbaniteten? Dette spørsmålet har vore nokså todelt. På den eine sida har debatten om Bryne kretsa rundt tankar om lokalidentitet, som enkelte ser ut til å klamra seg rundt som om dette er noko handgripeleg. På den andre sida i debatten står dei sjølvutnemnte byutviklarane, som ynskjer at Bryne skal bli noko det ikkje har vore før.
Å snakka om identitet er for øvrig slett ingen enkel sak. Har Bryne ein identitet? Dette spørsmålet kan setjast i samanheng med aktuelle forskingsperspektiv perspektiv frå nyare arkitekturteori og kulturgeografi.Fleire representantar for desse fagfelta har påstått at det er fåfengt å leite etter éin bestemt, fastlagt identitet: "Culture... is more about routes than roots" skriv den britiske kulturgeografen Tim Cresswell i boka On the Move (2006). Cresswell siktar til at stader så vel som menneske heile tida er i kontinuerleg endring. Det ein er på veg mot er kanskje meir interessant enn det som ein gong var. Eller kanskje er det slik at sjølve rørsla, prosessen, mobiliteten - det at noko er i utvikling - er ein faktor som gjer det umogeleg å stoppe opp og finna ei konstant meining. Midt inne i ein storstilt ubyggjingsperiode er det verre enn nokon gong før å definera kva Bryne er. Det å leita etter essensar er dessutan problematisk i mange tilfelle, fordi ein ofte ender opp med grunne stereotypiar.
Innan arkitekturteorien har det i seinare tid vore eit slags opprør mot den essensialistiske måten å skildra ein stad på. Denne kritikken har kome som ein motreaksjon mot omgrepet genius loci, 'Stedets ånd', som den norske arkitekturteoretikaren Christian Norberg-Schulz var med på å utvikla. Norberg-Schulz, som var sterkt influert av fenomenologisk filosofi, hevda at arkitekten sin jobb var å henta ut stadsspesifikke kvalitetar og byggja i henhald til desse. Denne fysiske tilnærminga blanda han med ein andeleg dimensjon: kvar stad har evigvarande kvalitetar som finst der uavhengig av endring. Ideen om at ein stad kan vere noko statisk og fiksert har seinare blitt tilbakevist, mellom anna av den norske arkitekturforskaren Mari Hvattum, som i fjor lanserte uttrykket 'stedets tyranni' i Arkitektur N. Hovudproblemet er, i følgje Hvattum, at CNS-tradisjonen har halde på tanken om stader som statiske, målbare fenomen. Men ein stad består ikkje av ei samling av kvaliteter ein kan forsyna seg av i utforminga av det nye.
Midt i denne kompleksiteten ligg Bryne, i kryssinga mellom det rurale og det urbane. Har me noko som er vårt eige? Vel, ein openbar ting med Bryne er dei rike handels- og industritradisjonane. Ved å leggje vekt på dette, særleg handelen, skulle ein tru at ein kunne vidareføra gamle identitetsfaktorar inn i det nye. Spørsmålet er korleis ein løyser dette. Eit byprosjekt kan skapa mangfald, men det kan også medføra einsretting og standardisering. Dette heng i høgaste grad i hop med korleis identitetsskapande faktorar blir handsama gjennom arkitektoniske grep. Ser ein på Bryne, er det relevant å spørje seg om korleis det påverkar byprofilen når ein i stor grad oppfører urban arkitektur som er heilt lik arkitekturen i andre norske byar.
Refleksjonar rundt planprosessar og arkitektur

Forum Jæren: symbolet på urban djervskap og landleg dårskap.
Lat oss byrje med det prosjektet som på mange måtar blitt sjølve symbolet på utviklinga av Bryne som by, nemleg Forum Jæren. På grunn av høgda, skalaen og omfanget representerer det djervskap og ambisjonar av ein type som ein sjeldan ser maken til i norsk samanheng. Akkurat den sida ved saka har eg sans for. Når det gjeld planen og enkeltkomponetane i denne har eg til dels vore ein skeptikar. Eg er ikkje så skeptisk til at Bryne skulle ha ei skikkeleg høgblokk - for min del kunne bygningen godt vore dobbelt så høg - men eg er kritisk til den prestisjen som er lagt i det som faktisk er ein heilt ordinær bygning, det eg vil kalla ein generisk, standardisert kontorbygning. Det kan knapt kallast ein ny bygningstype, det har blitt laga slike bygningar i hopetal over heile verda sidan denne kombinasjonen av glasfasade med stål- og betongskjellettkonstrusjon slo gjennom på 1900-talet.
Eg skulle nok heller likt at det var Garborgsenteret og biblioteket som var merka ut som eigne monument midt i Bryne sentrum. På landsbasis finst det svært få døme på at eit næringsbygg blir ein reell turistmagnet eller eit identifikasjonspunkt. Kulturbygningar, derimot, har ofte denne effekten. No både trur og håpar eg på at Garborgsenteret blir ein suksess, men eg skulle ynskje at det hadde fått meir plass å boltra seg. På grunn av posisjoneringa i dette kvartalet får eg ein snikande mistanke om at visjonen "Næring, læring og kultur" eigentleg burde hatt det siste ordet i parentes.
Når det gjeld leilegheitskompleksa har eg allerede sagt litt, men vil gjerne presentera eit par av dei prosjekta som er under planleggjing no. Eit av desse er Meto i Meierigata, som blir marknadsført som: "Et helt kvartal med gammel industrihistorie skal gjøres om til et attraktivt og levende boområde." Det kan nok bli gjævt, men eg for min del reiser spørsmålet om kvar den gamle industrien har teke vegen? Det gamle bygget på denne tomta var eit flott, men akk så undervurdert, monument over det gamle industri- og næringslivet i Bryne sentrum. Bygget hadde attpåtil funkistrekk, som er så trendy no for tid. Kvifor har ein ikkje teke vare på slike bygg?
Tjemsland og Stueland er to andre interessante prosjekt, midt i Bryne. Etter mi vurdering er dette to prosjekt som handlar meir om maksimal volum-utnytting enn tilpassing til det eksisterande. Torget, som er ein av dei mest attraktivene stadene på Bryne, står i fare for å bli trongare. Og er dei verkeleg "nye og urbane", slik dei stadig har blitt presentert i avisene? Dei er jo nye i den forstand at dei blir bygd frå botnen av og at dei representerer noko anna enn det som var der før. Det arkitektoniske uttrykket, derimot, er ein replika av ein bygningstypologi som etablerte seg på 1920-talet i Europa; det funksjonalistiske varemagasinet, kjenneteikna av kvitpussa betongfasadar og bandvindauge. Det nye Tjemslandbygget er derfor ikkje moderne i tydinga 'tidsaktuelt', men snarare ganske retro.
Kvifor henga seg opp i slike ting? Vel, eg tykkjer at det er verdt å vere merksam på at det er ein viss type retorikk som får lov å definera kva som er urbant, nytt og moderne på Bryne. Samanlikna med det som verkeleg er nyskapande og innovativt i norsk samtidsarkitektur blir prosjekta på Bryne nokså keisame og gammaldagse. Ikkje dårlege, naudsynsvis: begge prosjekta ber lovnad om berekraftige energitiltak og miljøvenlege løysingar, som heilt klart er i takt med notida. Likevel skal ein vere forsiktig med å gje dei kvalitetar som dei ikkje har. Torjå-prosjektet blir profilert gjennom ein smart og god kampanje frå meglaren sitt hald, men frå eit arkitektonisk synspunkt er det eit heller ordinært prosjekt. Dersom ein ser 15-20 år fram i tid trur eg det er høgst sannsynleg at fleire av dei nye bygningane, Stuelandsbygget og Torjå inkludert, vil framstå som relativt uinteressante. Det er meir glamour enn substans, slik eg ser det. Det same kan ein ikkje seie om det gamle Tjemslandsbygget, som hadde kvalitetar langt utover den stilperioden som var aktuell då det var nytt, i 1923. Slik sett oppsummerer desse prosjekta det som er min store frykt når det gjeld urbaniseringsprosessane på Bryne, nemleg at den store satsinga blir ståande som eit kortvarig blaff som korkje sat Bryne på kartet eller tilførte nokre verkelege kvalitetar lokalt.
Vegen vidare
Og dermed kan det passa fint å sjå litt framover. Eg har i stor grad vore kritisk i gjennomgangen av nye byggeprosjekt på Bryne, men det er ikkje slik at eg trur at alt håp er ute. Snarare tvert i mot: Bryne har stort potensial, både med omsyn til handel, arkitektur og offentlege rom. Den gjeldande Kommunedelplanen for Bryne sentrum 2007-2018 er eit solid og velformulert underlagsdokument som eg tykkjer at kommunen skal ha stor cred for å ha utvikla.
Eit viktig stridsspørsmål i tida som kjem handlar om næringspolitikk og utvikling i tråd med denne. Enkelte aktørar ser ut til å operera etter det bedriftsøkonomiske mantraet "ekspander eller døy". Eit døme på denne tankegangen er den politiske diskusjonen rundt detaljregulering av næringsområdet på Håland, der ordførar Arnfinn Vigrestad blei sitert på følgjande i Jærbladet:
"Dei [opposisjonen]kan meina kva dei vil, eg for min del ser inga motsetning mellom å tillata slik utbygging og å utvikla sentrum. Eg er opptatt av å leggja til rette for dei som vil noko - ein kan ikkje stansa utviklinga."
Ein skal kanskje ikkje stanse utviklinga, men ein har ansvar for å regulera og leggje til rette. Utvikling er faktisk ikkje noko som pågår som ein slags utanforståande, mystisk kraft, det er noko som kan og må styrast. Defensive politikarar er ikkje det som skal til for å oppnå kvalitet i utviklinga. I forlenginga av dette bør Time kommune verkeleg sjå nærare på kor vidt det er ein god idé å la M44 utvida drifta i alle retningar? Skal Storgata kun vere "viktig krydder", som sentarleiar Tove Sivertsen uttrykte det i Jærbladet i fjor.
Sentrumsutvikling i relasjon til M44 blir nemleg ei av dei store utfordringane dei neste åra. Det har vore snakk om å opna senteret meir mot Storgata, noko eg tykkjer er ein spanande tanke. Uteområde og offentlege rom er nok den faktoren i byutviklinga som har vore svakast til no, men som kanskje har det høgaste potensialet. Heldigvis har smarte folk i kommunen innsett dette:
"For at kjøpesentera skal markera seg i nybiletet på ein god måte, kan utforminga av uteområda rundt vera eit verkemiddel" (Time kommune, Kommunedelplan for Bryne sentrum 2007-2018, s. 40).
Den vidare utviklinga av M44 og handelsnæringa knyt seg opp mot andre sentrale aspekt i sentrum. Storgata og Torget er to element i Brynebyen som bør styrkast i åra som kjem. Begge desse har hatt ei negativ utvklingskurve, reint estetisk sett, sidan eg flytta frå Bryne. Storgata har fått nye bygningar som overskrid den gamle profilen, eit inngrep som gjer gateløpet smalare og mørkare. Eit heidarleg unntak er Nummer Sytten, som er ei fin omdanning av eit eksisterande bygg. Sjølv større byar har i dei seinare åra motarbeidd ekspansiv byggjing av det slaget Storgata har vore ein arena for. København kjem stadig øvst i kåringar om å vere verdas beste by å bu i, mellom anna fordi sentrum er lågt, intimt og ope. Torget er nokså fint i seg sjølv, særleg etter oppussinga i samband med Garborg-jubileet, men bruken av det som offentlege rom er truga dersom M44 og Forum Jæren blir to magnetar i kvar ende av sentrum. Få ting er tristare enn ein småby med aude handelsgate.

Park- og damanlegget i Bryne sentrum. Ein dårleg utnytta ressurs.
Éin måte å betra tilstanden kan vere å ta tak i sjølve gateløpet. Ingen av sentrumsgatene på Bryne er særleg vene å sjå til. I sentrumsplanen for Bryne er det foreslått ein gateplan, slik at ein kan sikra dei karakteristiske gateløpa og gje dei ei høveleg utforming. Det er ikkje alltid dei store tinga som skal til, eit enkelt gateløp kan vere vakkert i seg sjølv dersom det blir designa på den rette måten. Her er det masse å gå på, særskild med tanke på detaljering og materialval. Den noverande kombinasjonen av betongheller og asfalt er ganske kjip. På Bryne kan dette gjerast i tilknytnad til eit flott, men litt urealisert, park- og damanlegg. Det går vegar langs dammen på begge sider, men tilgangen til vatnet er ikkje særskild god. Ikkje berre for dei funksjonshemma, som står det i sentrumsplanen, men også for andre. Omsynet til fuglelivet kan vere ein komplikasjon, men eg trur at eit landskapsarkitektonisk inngrep kunne gjort underverk. Som ledd i dette kunne ein også knytt aksene frå Storgata ned til dammen og fossen. Bryne har gater i fleire nivå, noko som gjev ein ganske dynamisk sentrumsstruktur. I mange europeiske byar må ein laga slik terreng på kunstig vis for å oppnå denne effekten, på Bryne ligg det allereie slik. Dette bør utnyttast betre ved å opna opp meir, knyta gatene saman og laga fleire naturlege knutepunkt. Det å la bilen dominera, slik den gjer i dag, er uhyre bakstreversk.
Eit siste poeng blir ei påminning; ein av mine kjepphestar. Ein må bli betre til å ta i bruk det som allereie finst, inkorporera det heller enn å fjerna det frå den vidare utviklinga. Dette er heldigvis ein tanke som er tildelt fleire fornuftige punkt i Sentrumsplanen for Bryne. Alt for mange ivrige utviklarar - og dette gjeld absolutt ikkje berre for Bryne - ser på det eksisterande som ein klamp om foten. På Bryne har utvikling nærast vore synonymt med det å byggja nytt, med nokre få unntak. Eg meiner at ein må ta det urbane mangfaldet, både det fortidige og notidige, på alvor dersom Bryne skal lukkast som by i åra framover.